Odin
Odin eller Allfader er ein av dei eldste gudane. Han er krigsguden og har, ifølge den norøne myten, sitt opphav i Jotunverdenen. I Valhall har han sitt høgsete Lidskjalf. Derifrå ser han heile verda.

Han har berre eit auga då han gav vekk det andre i byte for all verdas visom. På skuldrane sit ramnane, Hugin og Munin.
Kvar morgon flyg desse to ut og samlar all verdas nyhende og kunnskap. Med seg har han ulvane Gere og Freke, den griske og den grådige. Odin har og spydet Gungnir. Spydet returnerte alltid til sin herre. På armen har han armringen kalla Draupne. Frå denne armringen dryp det kvar niande natt ni nye gullringar.
Arne Askeland (f1967) vaks opp med stor lidenskap for forming. Alt i 11-års alder selde han sine figurer. Han avslutta grunnskulen med høgaste karakter (S) i forming.

Arne liker å forme naturtro skulpturer i alle størrelser frå stort trevirke. Han er sterkt historisk interessert og Norøn mytologi har særs inspirasjon. Til dagleg arbeider han med skulpturer i eige studio på slæktsgarden, Askeland, eller reiser rundt på utsmykningsoppdrag.
Skulpturen er mi tolkning av krigsguden laga her på staden i ask i frå Singløya.